EDIT: KOS 12.jan2014:
Se oversikt i
ARTILLERIUNTERGRUPPE BÖMLAFJORD og
HKB 63./977 Nordheim.
Pos. N6609832 Ø290533
Skytset bestod av:
4 * 15,5 cm K416(f)- Rekkevidde 14000m
2 * 5 cm KwK
1 * 2,5 cm Pak.(f)
2 * 2 cm Flak
1 * 8,2 cm Gr.W(r)
1 * 5 cm Gr.W. (f)
På Nordbø kan ein ta inn på gamlevegen som går til Nesheim. Vegen blei bygd frå Eltravåg av tyskarane under 2. verdenskrig for å transportera materiell til festningsanlegget. I bustadhuset på Årstad held den tyske adm. til før Nesheim blei utbygd. Framleis kan ein sjå dei nedslitte dørstokkane etter soldatane sine hæljern.
På bakketoppen (skilt Nesheim) følgjer løypa gamlevegen paralellt med nyevegen (alt. 1). Alternativ 2: Du tar til venstre 60 m sønnafor skiltet "Nesheim", og tar deretter av på gamle festningsvegen mot vest. Stien går like forbi tre kanonstillingar med flott utsikt over Bømlafjorden. Vidare forbi kommandosentralen og under-offiserbrakka i Djupedalen, som seinare har vore nytta til hytte. Like i nærleiken er det skote ut eit tilfluktsrom i fjellet. Festningsanlegget bestod av i alt 8-10 kanonstillingar, offiserbrakker, spisebrakke, opphaldsrom for 250 - 300 soldatar, tilfluktsrom og bunkersar. Omtrent alle bygningar og skyttarstillingar var bundne saman i eit tunnellsystem, der ein delvis kunne gå oppreist utan å synast frå lufta. Informasjonstavle er plassert ved den midtre kanonstillinga.