Hei igjen og takk for svar og innspel.
Var på festningen igjen idag og tok ein nærare kikk "generatorbunkeren" og "kommandobunkaren". Dette er nok ein generatorbunkers ja med tanke på innmat med røyr til kjøling og liknande. Vidare går da ei grøft oppe på kanten mot vest til ein ringstand som nok har husa ein lyskastar.
Rett ved denne grøfta ser det ut som om der er eit hol på 4 ganger 5 meter som er fylt att ! kva tenker De om dette ?
Fann også kommandobunkeren og splintkappena som var gravd fram.
Kappena ser ut til å ligga i ein dump, som det er mange av på området.
Eg og trur dette er ein kommandobunker ma på grunn utforming, rom inndeling og pga av løpegrava som går mot sør mot offisersforlegninga. Eg rota litt rundt før eg fann den då eg gjekk aust ned fyllinga frå generatorbunkeren. Fann mykje små "grisehalar" og andre festeanordningar inne i skogen så det er nok meire som er gøymd i dette området ja.
Eg gjekk deretter til nordenden av Gyravatnet for å sjå etter aktivitet frå marinens folk då det no kun er 3 markørar i vatnet, men intet annet enn ein sti kvista mellom trea var å finna.
Vert spanande å sjå kva som skjermed dei funn som er registert på djupna her
