Page 1 of 1

Fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde

Posted: 10 Jan 2008 0:12
by Knut Ø.
Skal legge ut eindel bilete frå fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde, men eg har dessverre mesteparten på papir og ikkje digitalt så det må litt skanning til. Men her er nokre få i første omgang. Det første viser det eine av to inngangsparti. Dette inngangspartiet er ombygd med lasterampe etc etter krigen.
Dei to bileta i svart/kvitt vart tatt av ein kompis som er fotograf og som trengte ei spesiell kulisse til eit fotoprosjekt.

Fjellanlegget vart bygd i 1943 då staben til 280. I.D. vart forlagt til Førde i samband med opprettinga av Territorial-Abschnitt Førde, med general Karl von Beeren som sjef. Hafstadbakken var eitt av to støttepunkt i Førde, og var utbygd med fjellanlegget, ein brakkeleir, nærforsvarsstillingar, løpegraver, fleire mindre bunkersar samt ein regelbau 668. Pga eit sandtak er mykje av området borte i dag, men framleis finn ein brakkemurar, enkelte mindre bunkersar samt 668'en. Fjellanlegget ligg litt lenger bak i området. Det var to vegar opp til området, men berre den eine eksisterer i dag (blir som utallege andre vegar bygd under krigen kalla "Burma-vegen"). Vegane og anlegget vart bygd av russiske krigsfangar, samt tyske pioner-soldatar og var under leiing av O.T. Fjellanlegget var fullt utbygd og ferdig, og innehaldt 3 store hallar inndelt i 19 mindre rom, i tillegg var det også maskinrom, kjøkken etc. Det var også eit vassbasseng og ei sjakt oppover i fjellet til ventilasjon og nødutgang lenger oppe i fjellsida.
Etter krigen vart området ekspropriert av staten og DKV bygde i 1949 om anlegget til ammunisjonslager for inkludering i Arsenalet på Vestlandet. På 80-talet vart det tatt i bruk som lager for IR10, før det vart nedlagt på slutten av 90-talet, dels pga nedbygginga i Forsvaret og dels pga at vegtilkomsten vart redusert som følge av at sandtaket åt seg lenger og lenger inn. I 2001 kom anlegget i privat eige og er det framleis i dag.
Eg har vakse opp som nabo av anlegget og har trakka i dette området sidan eg kunne gå omtrent, så eg kjenner området ut og inn. Men eg var først inne i fjellanlegget i på slutten av 90-talet. Før det var det alltid eit stort mysterium korleis det såg ut innanfor dørene i fjellet. Det er heller ikkje så mange Førde-folk som har visst at det er eit slikt anlegg på Hafstadbakken. Hemmeleghaldet, spesielt då det var ein del av AVES, var ganske stort. Først i seinare tid har dette anlegget blitt kjent og omtala noko særleg, m.a. har lokalavisa Firda hatt eindel reportasjar siste åra om denne delen av den lokale krigshistoria.

Har henta litt av detaljane her frå eit kapittel som K. R. Berge skreiv i Bergensposten nr 2/2005 (utgjeve av Statsarkivet i Bergen).
For meir detaljar kan du laste ned heile bladet her: http://www.arkivverket.no/bergen/publik ... gpost.html

Posted: 11 Jan 2008 13:14
by Knut Ø.
Det ligg forresten nokre fleire bilete på Flora Krigshistorielag som Kim (crankcase) tok når han var på besøk i anlegget.

Moderator kan forresten flytte denne tråden til "Regelbau bunkere og andre installasjoner" sidan dette ikkje er eit kystfort.

Posted: 11 Jan 2008 13:57
by bisQuit
Hei Knut Øyvind.

Hvordan er det eventuelt og komme seg inn i dette anlegget dersom eg skulle ta turen fra Florø og inn? Antar at det ikkje skulle være noe problem og få med meg noen fra laget på en liten tur.

Posted: 11 Jan 2008 14:50
by Knut Ø.
Det går sikkert bra. Eg kan truleg ordne tilgang, så berre avtal med meg litt i forkant.
Eg var inne på inspeksjon i haust og skulle hatt ein tur innatt no for å sjekke tilstanden, så igrunn passar det med eit besøk no. Ventilasjonspumpa er fjerna så dessverre har fuktigheten begynt å ta overhand.

Posted: 11 Jan 2008 15:45
by bisQuit
Hørest bra ut. Skal ta og høyre litt rundt med folket her og se kven som eventuelt er intresert.

Code BERTHA

Posted: 01 Sep 2008 9:14
by Carsten G
Snublet over denne side på internett:http://www.geocities.com/CapeCanaveral/ ... htm#bertha

Er det dette anlegg som beskrives på denne side. På nettet står det anlegget som stengt, men du sier at man kan få komme inn etter avtale?

Kan du legge ut flere bilder og evt. beskrivelse av hva som er i de forskjellige ganger?

Mvh
Carsten G

Posted: 01 Sep 2008 9:35
by Knut Ø.
Hei Carsten,
Det stemmer at anlegget stengt men det kan ordnast med tilgang, men då må eg vite det ei stund før sidan eg må låne nøklar. Det går bra med besøk i anlegget så lenge det ikkje blir altfor mykje masing på han som eig det.

Ja det er samme anlegg som på den geocities-sida. Eg sendte nokre bilder på slutten av nittitalet til Harald Faeth (som laga sida) men eg ba han fjerne det etterpå fordi anlegget då framleis ikkje var avhenda av forsvaret og framleis gradert. Men høyrde aldri meir frå han og det vart liggande der, var litt overraska over at den sida framleis eksisterar.
Men bildetekstane der er feil og det er også skreve at det er "coastal defence", noko som ikkje er rett i den forstand.

Kan ordne med litt fleire bilder og detaljar, men veit ikkje kortid. Mulig eg skal opp i anlegget igjen no i haust så då kan eg ta litt digitalfoto. Nesten alt anna eg har av dette er papirfoto.

"døde sider"

Posted: 01 Sep 2008 15:06
by Carsten G
Takk for svar Knut.
Det ville være veldig interesant å se dette annlegg med egne øyne. Når man leter rundt på nettet dukker det stadig opp gamle sider:-)
Da er det greit å kunne spørre andre. jeg letet etter informasjon om kommunikasjons bunkeren Zeppelin i Zossen, det var da jeg snublet over denne side.

Bare ta den tiden du trenger Knut, den som venter på noe godt venter kke forgjeves.

Mvh
Carsten G

Posted: 01 Sep 2008 15:20
by Knut Ø.
Ein ting, som kanskje gjer det litt mindre interessant dessverre, er at alle rominndelingane i dei tre hallane er vekk, slik at det no kun er reine fjellhallar igjen. Romma var murt opp med teglstein slik at kvar hall fikk ein gang i "halvmåneform" omtrent, men inngang til romma langs gangen. Ein ser samme byggemåte i mange fjellanlegg. Hallane har framleis hvelving i teglstein og betong. Grunnen til at rominndelinga er fjerna etter krigen var at det vart nytta som lager av DKV.

Gangane og romma innanfor inngangane er meir bevart slik dei var.

Erik E. har forresten eindel bilder herifrå, kanskje han vil legge ut nokon...?

Re: Fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde

Posted: 04 Aug 2010 20:59
by Natter
Et par tegninger scannet fra "Ammunisjonstjenesten i Hæren etter 1945", bind 2:

Re: Fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde

Posted: 05 Jun 2013 10:07
by Knut Ø.
Som vanlig har vinteren herjet hardt. Det var ikke mulig å komme inn i anlegget før ut i mai pga en svær ispropp som bokstavelig talt "støpte" igjen døren. Når isen smeltet har det også løsnet endel steinblokker som har rast ned og lagt seg foran inngangspartiet. Var oppe på Hafstadbakken forrige søndag for rekognosering og en tur mandag med en liten gruppe som ville ha omvisning i fjellanlegget. Det går å komme seg inn men vi må nok opp å rydde vekk stein og annet før vi skal ha omvisning med skoleklasser neste uke. Selv for en voksen er det vanskelig å fote seg forbi.

Re: Fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde

Posted: 18 Jun 2013 13:40
by Knut Ø.
Ble så fint atte :-)

Re: Fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde

Posted: 18 Jun 2013 13:53
by TommyG
Se der ja, var det ryddet opp bra. Godt jobbet :-) Ser ut som et fjellanlegg av litt størrelse dette. Godt i det minste tilgangen til anlegget blir holdt ved like.

Re: Fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde

Posted: 23 Jun 2013 13:44
by Mikkel
:bravo

Re: Fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde

Posted: 04 Sep 2013 12:21
by TurtleWax!
Her er litt fleire bilder frå Hafstadbakken.