Informasjon til stort kunstprosjekt om krigsaktivitet
Posted: 09 Feb 2024 9:28
Mitt namn er Linn Heidi Stokkedal og eg skriv på vegne av billedkunstnar Toril Johannessen. Me har eit spørsmål om lokale stadsnamn i forbindelse med eit kunstprosjekt. Prosjektet har arbeidstittelen “Stedsnavn på folkemunne” og skal bli til ein serie bilete i form av kart.
Innfallsvinkelen til prosjektet er møtepunkter mellom militær nærvær og sivilsamfunn. Til kartene Toril lager samler me inn stadsnamn på folkemunne i Noreg for stader og anlegg med tilknytning til militær aktivitet frå andre verdenskrig og fram til i dag, for å undersøke spor i daglegspråket av eit slikt nærvær.
Til dømes, stader som den lile toppen Valaksla på Stø i Øksnes som på folkemunne ofte kalles “NATO-fjellet” fordi det står ein kystradar der; “Natogarasjen” i Berlevåg, eller “Kaninstasjonen” i Vadsø. Andre dømer er "Fangeleiren", “Radiohula”, “Peilaren” og “Blodvegen” som er uoffisielle stadsnamn i lokal bruk som har sitt opphav fra 2.verdenskrig.
Dette prosjektet er ein vidareføring av verket frå Nord-Noreg som var laga på oppdrag for KORO (Kunst i offentlig rom) for Evenes flystasjon, Forsvarsbygg, og henger inne på militært område.
Kjenner dykk til slike stadsnamn på folkemunne i din region - eller andre stader - som dykk vil dele med oss? Me ynskje særskilt namn frå heile Trøndelag og Sørlandet (Vest og Aust Agde).
Vil dykk ha meir informasjon om prosjektet så vil me gjerne fortelje meir om dette.
Vonar å høyre frå dykk!
Med venleg helsing
Linn Heidi Stokkedal