Fant litt meir info på nettet.
https://aurland.custompublish.com/getfi ... f?&force=1
Side 16 og 17.
Kulturminne knytt til 2. verdskrig
Dei fyrste dagane etter krigen braut ut 9. april var Gudvangen eit viktig knutepunkt. Tyskarane hadde eit omfattande forsvarsanlegg på Ramsøy. Dette besto av løpegraver på kring 400 meter og seks bunkerar. Sjå
https://leksikon.fylkesarkivet.no/ for meir info. Anlegget på Ramsøy og elles i Gudvangen er ikkje fullstendig registrert. Figur 7 syner delar av anlegget på Ramsøy.
25. april 1940 slepte tyskarane bomber over Flåm. Mange søkte tilflukt under hellerar. Det estiske skipet Begonia hadde søkt tilflukt under Midnosiberget nokre dagar tidlegare. No vart det slept
bomber mot skipet. Mannskapet og kaptein Mihkel Kagi hadde gått i land, men kapteinen vart skadd av ein splint og døydde. Han vart gravlagd på kyrkjegarden i Flåm. Skipet vart seinare senka av den norske hæren. Sidan det ligg under vatn er det eit automatisk freda kulturminne. Bergen sjøfartsmuseum har lagt det inn på
http://www.kulturminnesok.no.
Flåm vart evakuert i slutten av april. Tyskarane heldt i fyste omgang til på Fretheim hotell, men bygde etter kvart ei brakke på Brekke, i Hokjen. Denne brann snart ned, men vart snart bygd opp att. Det
vart og bygd ei brakke til russiske krigsfangar, med høgt gjerde kring. Denne vart kalla «russarbrakka». I Flåm finn vi fleire krigsminne knytt til forsvarsanlegg, dei mest omfattande på Neset og på Hagaberg.
Figur 7 Frå anlegget på Hagaberg. Foto: Halgeir Høyda