Krigshistorisk skuleutflukt
Posted: 22 Apr 2008 23:33
Eg hadde med meg ein skuleklasse med 7-8 åringar til det tyske fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde nylig. Ein god kompis av meg er lærar for denne klassen og dei hadde eit skuleprosjekt om 'gamle Førde'. Mens dei andre klassane i samme kull hadde utflukt til "spennande" plassar som kyrkja, gamlebanken, eit og anna gammalt fjøs osv, var denne klassen på si mest opplevelsesrike utflukt så langt.
Kvelden før var vi oppe i anlegget og utplasserte eindel hjelmar og andre tyske effektar for å gjere det litt meir spennande for elevane. Dette var stor suksess, men dei fatta jo sjølvsagt mistanke om juks då vi tok med oss både hjelmar og det andre utstyret på tilbakevegen.
Elevane syns dette var kjempespennande, og dei hadde undervisning om krigen både dagen før og etter. Klasseforstandaren sa det var lenge sidan klassen hadde vore så konsentrert. Så vi har forhåpentlegvis vekt interessa hos mange små her, berre håpar dei hugsar det når dei blir større. Vi må jo sikre rekruttering i faget vårt!
Her kan du lese litt meir og sjå nokre foto på skulen og klassen sine eigne sider: Flatene Skule.