Fjell festning stengt?

Informasjon fra og om krigshistoriske museer og restaurering av krigsminner.

Moderators: Stutzpunkt, KOS

Post Reply
User avatar
Tarjei
Posts: 941
Joined: 30 Jul 2006 1:53
Location: Bergen

Vedlagt screenshot av (tidligere?) nettside til Museumet Fjell Festning. Noen som vet bakgrunnen for dette og hva som kommer til å skje videre? Ser det står noe i Vestnytt men alt er bak betalingsmur og jeg har ikke abonnement.
Attachments
Fjell2.PNG
Fjell2.PNG (44.14 KiB) Viewed 1415 times
User avatar
Tarjei
Posts: 941
Joined: 30 Jul 2006 1:53
Location: Bergen

Svarer på mitt eget spørsmål med et sitat fra saksdokument for sak om "Eigarskap og drift av Fjell festning" fra Øygarden Kommune fra møte i Formannskapet i April 2023.

Link
Det freda, krigshistoriske anlegget på Fjell festning, i tillegg til nokre mindre, verna eigedomar på
området, har sidan 2007 vore eigd og forvalta av Stiftinga Fjell Festning. Øygarden kommune, Sotra
og Øygarden forsvarsforening og Museum Vest er representert i stiftingsstyret. Frå 2008 har
Museum Vest hatt ansvaret for museumsdrifta i anlegget, forankra i ein samarbeidsavtale med
stiftinga og kommunen.

I mai 2022 sa styret i Stiftinga Fjell festning opp samarbeidsavtalen med Museum Vest, med verknad
frå 1. januar 2024. I august 2022 var styreleiar i stiftinga i møte med ordførar og administrasjonen i
kommunen for å drøfta vidare prosess etter oppseiing av samarbeidsavtalen med Museum Vest.
Kommunedirektøren understreka i møtet at det museumsfaglege måtte vektleggast, då kommunen
ønsker ein fagleg, profesjonell drift av Fjell festning. Det vart også gjort tydeleg at Museum Vest må
få gode arbeidsvilkår dersom dei framleis skal ha ansvaret for museet på Fjell Festning.

Museum Vest ser det ikkje som realistisk å inngå ein ny avtale med Stiftinga Fjell festning, og har
starta arbeidet med å forlata anlegget innan den nemnde datoen. Museum Vest har i dialog med
kommunen uttalt at dei er positive til ei eventuell kommunal overtaking av eigedomane, og at det
ved kommunalt eigarskap vil vera aktuelt å inngå ny samarbeidsavtale med Øygarden kommune om
museal drift på Fjell festning.
Videre står følgende:
Vedtak i Formannskapet (FS)- 19.04.2023- 033/23
1. a) Kommunen er innstilt på å overta drift og vedlikehald av Fjell festning under føresetnad av
at Stiftinga Fjell Festning og Stiftelsestilsynet godkjenner overdraging av eigedomane i
samsvar med kapittel 6 § 45 i Lov om stiftingar.
b) Kommunedirektøren set straks i verk ein prosess inn mot aktørane i Fjell festning for å
avklara vidare moglege løysingar for samarbeid og utvikling, ansvar, drift og eigarskap for
Fjell festning. Prosessen skal bidra til å sikra Fjell festning ein effektiv struktur og nødvendige
avtalar i løpet av 2023, og som kan gjelda frå 1. januar 2024. Prosessen vert inndelt i trinn I
og eit eventuelt trinn II.

2. Siktemålet for trinn I er å få fram eit grunnlag for at stiftingsstyret sjølv kan fatta eit vedtak
med nødvendig fleirtal om den vidare vegen for stiftinga på årsmøtet våren/sommaren 2023.

3. Under føresetnad av vedtak med nødvendig fleirtal i stiftingsstyret (jmf. punkt 2) vil trinn II
bli sett i verk med sikte på kommunalt eigarskap.

4. Øygarden kommune skal på lengre sikt setta i gang eit utviklingsarbeid for festningsområdet
som kultur- og friluftsdestinasjon for lokalbefolkning, turistar og andre besøkande.
I tiden etter dette har det tilsynelatende vært turbulent i styret i Stiftelsen Fjell Festning, men på Kommunestyremøte 22. Februar 2024 Ble følgende vedtatt:
Øygarden kommunestyre gjer slikt vedtak:


Øygarden kommune gir følgande uttale til vedtaket Stiftinga Fjell festning har gjort om å søka oppløysing av stiftinga:

Øygarden kommune, som ein av to opprettarar av Stiftinga Fjell festning, sluttar seg til følgande vedtak gjort av stiftingsstyret i deira sak nr. 7/24 - “Omdanning av Stiftinga Fjell festning (SFF)”:

"1. Styret kan av økonomiske grunnar, og som følgje av manglande museal avtale ikkje lenger oppretthalde formålet med Stiftinga Fjell Festning. Styret vedtek å søke Stiftelsestilsynet og opprettarane av stiftinga om å oppheva stiftinga. Jfr Lov om stiftingar §52. Grunnlaget for søknaden er utdjupa i saksframstillinga.
2. Fjell festning er avstengt for publikum og drifta av anlegget er lagt ned. Disponible midlar skal nyttast til å betale avgifter, forsikringar, alarmsystem og straumabonnementet for dei neste månadene.
3. Styret vil i løpet av våren 2024 være insolvent og i vil den samanheng be om konkurshandsaming. Det vert å koma attende til i eiga sak.
4. Opprettarane vert bede om å oppnemnde representantar til avviklingsstyre. Representantar til avviklingsstyret må være uavhengig frå opprettarane og som kan gjennomføre nødvendig avvikling.
5. Saka vert oversendt opprettarane til uttale med frist for attendemelding innan 15. mars 2024."

Stiftinga Fjell festning har sagt opp samarbeidsavtalen med Museum Vest med verknad frå 1. januar 2024, og Museum Vest er ikkje villig til å inngå ny avtale med stiftinga. Øygarden kommune, som sentral økonomisk bidragsytar, er ikkje villig til å yta vidare tilskot til drifta ved Fjell festning slik saka står no.
Hva skjedde i 2022 som medførte at avtalen med Museum Vest ble sagt opp?
Post Reply

Return to “Museum og restaureringsprosjekter”